35 år utan førarkort

Da politiet stoppa ein ottadøl i trafikkontroll, fekk dei seg ei overrasking. Sjåføren har køyrt utan førarkort i 35 år.

Stopp Politiet i Ottadalen stoppa julekvelden ein sjåfør som har køyrt utan førarkort i 35 år.Foto: Arkiv

Nyheiter

I 1981 vart ein ottadøl teken for køyring med promille og mista såleis førarkortet.

Åra etterpå er som henta ut frå Vømmel spelmannslag si vise; «Førarkortet».

«Nu kjøre æ omkring, Og less som ingen ting, Med pokerfjes og smile blid»

Vedkommande brydde seg ikkje med å ta førarkortet på nytt, men det hindra han ikkje frå å setje seg bak rattet. I alle dei år etterpå, har mannen køyrt bil. Og han har køyrt prikkfritt utan ei einaste skade, eller vore stoppa i kontroll.

Men julekvelden var det stopp. Da hadde politiet i Ottadalen promillekontroll og mannen vart vinka inn da han kom køyrande. I likskap med dei 95 andre sjåførane, bles han grønt, og kunne ha køyrt vidare om det ikkje var for at han mangla ein vesentleg del for å køyre bil.

Mannen hadde ikkje noko førarkort å syne fram. Det hadde han nemleg mista for 35 år sidan.

– Han fekk lov til å køyre heim att å parkere. Han hadde køyrt så lenge likevel, seier politibetjent Johnny Gundersen. Han humrar om at dette fortel kor lite politikontrollar det er i Ottadalen.

Nå skal politiet skrive ein rapport, og så er det opp til ein jurist ved politikammeret å fastsetje storleiken på gebyret.

Gebyret gjeld for køyreturen julekvelden da mannen vart stoppa. Om ein deler summen på talet år mannen har køyrt utan førarkort, blir det ikkje mykje per år. Og slik kan ein fortsetje å rekne. Det blir nok ikkje mange øre per biltur om mannen har vore ein ivrig sjåfør bak rattet…