Det er mykje «lokalt gull» i det rikhaldige arkivet til det populære NRK-programmet «Norge Rundt».

I 40 år har «Norge Rundt» møtt kvardagsmenneske som har noko spesielt å fortelje eller vise fram. Sidan 1976 har distrikta sitt magasin vore innom alle landets kommunar. Gjennom fire tiår har tv-sjåarane fått møte til saman 125.977 personar, fordelt på i alt 1.673 sendingar og 10.223 reportasjar.

Mange av reportasjane som har vore laga og sendt, har spegla folk og miljø i Ottadalen. Kommunane Skjåk, Lom og Vågå har alle hatt fleire reportasjar i «Norge Rundt» opp gjennom åra.

Ein av dei lokale reportasjane er frå Lom i 2011. «Blokkfløytevirtuosar» er namnet på reportasjen som omhandlar daverande femteklassingar på Loar skule og lærar Lars Eivind Sulheim. Denne femteklassa er ikkje heilt som andre femteklassingar, i allefall ikkje når det kjem til blokkfløytespeling.

Kanskje blir reportasjen frå Loar skule å sjå på tv i kveld, fredag, frå klokka 19.30. Da sender nemleg NRK1 ein to timar lang jubileumssending der dei skal vise eit stort mangfald i mange av landets kommunar, og mange av dei beste godbitane gjennom 40 år.

Ved å klikke deg inn på Norge Rundt sine nettsider (ekstern lenkje) kan du søkje opp og sjå fleire innslag frå distriktet vårt.

Forresten: Om alle Norge Rundt-reportasjane gjennom 40 år skulle vorte sendt etter kvarandre utan pause dag og natt, ville det teke godt og vel ein månad ...