Mykje folk, korpsmusikk, kjende og kjære julesongar og gang rundt juletreet gjorde sitt til at julestemninga kom sigande.

Ordførar Bjarne Eiolf Holø slo fast at førjulstida skal vera fylt av glede, fellesskap, samhald, varme og nærleik. Men slik er det ikkje for alle.

– Vi veit at dette er ei krevjande tid for dei som ikkje har så mange rundt seg. Einsemda er nok ekstra tung å bera rundt jul, når forventningane om glede og fellesskap er ekstra store. Lat oss bruke førjulstida til å gjera vårt for å få eit varmare samfunn der alle blir sett og inkludert. Eit godt blikk eller ein liten prat kan ha så uendeleg god innverknad for å kjenne seg sett og inkludert, sa ordføraren.