Det var ekteparet Anne Trine Haugen og Per Dagsgard som laurdag gjekk seg på eit stussleg syn i grenda Nord Aura i Skjåk. Øvst på eit jorde fann dei ein stivtela og nærast mumifisert hund.

Funnet har vekt oppsikt og engasjerer i sosiale medier.

– Ut frå kroppsbygnad ser det ut til å vera ein mynde, meiner Per Dagsgard.

Det er ikkje kjent at nokon i Skjåk har slik hund, og korleis han hamna der han vart funnen er eit lite mysterium.

– Det er ikkje utenkjeleg at ei ørn kan ha kome med han, og han kan heller ikkje ha lege der lenge.

Hundekadaveret skal undersøkjast av veterinær denne veka i håp om å finne ein chip som kan sporast attende til ein eigar.