– Det er viktig å behalde lensmannskontoret i Lom og beredskapen som den er i dag, sa tillitsvald Roger Haugen i politiet Ottadalen om forslaget til effektivisering av polititenestene og tenestestader i Innlandet politidistrikt til Fjuken i avisa torsdag.

Politimeister Johan Brekke kom fredag med sitt forslag til lokal struktur av politiet i Innlandet. 24 lensmannskontor blir avvikla, blant dei kontoret i Skjåk som i dag er stengt og i praksis alt avvikla og kontoret i Vågå som har sterkt redusert opningstid med ein dag i veka.

Kommunar som misser lensmannskontoret, vil få ein politikontakt i staden. Ein slik politikontakt skal vere tilgjengeleg minst ein dag i veka.

Sel lensmannskontor blir tenesteeining i nye Nord-Gudbrandsdal lensmannsdistrikt, som består av kommunane Ringebu i sør til Lesja og Skjåk i nord.

I forslaget frå politimeisteren vil det bli tenestestader på lensmannskontora på Dombås, Lom og Vinstra.

Forslaget frå arbeidsgruppa som har sett på strukturen innan politiet, kom med forslag om å flytte ressursar frå Lom til Otta, ei tilråding som politimeisteren har følgd i sitt forslag.

Dei tilsette ved Ottadalen lensmannskontor i Lom har sett på dette forslaget som heilt uaktuelt. Og dette var også beskjeden politimeister Johan Brekke fekk da han besøkte lensmannskontoret førre veka.

– Dersom det blir flytta vesentlege ressursar frå Lom til Otta, kan dette vere fyrste steg mot ei full nedlegging av lensmannskontoret i Lom, seier tillitsvald Roger Haugen i ein kommentar. Han fryktar at tilbodet til publikum og beredskapen blir dårlegare.

Tillitsvald Roger Haugen fryktar at tilbodet og beredskapen blir dårlegare. Foto: ARVE DANIELSEN