EL og IT Forbundet varslar ei kraftig opptrapping av streiken i energisektoren mot KS Bedrift. Nå tek forbundet samtlege medlemmar i tariffområdet ut i streik.

Totalt vil over tusen energimontørar i 74 selskap vere i streik frå måndag morgon. Blant desse er sju tilsette i Skjåk Energi KF.

Elverksjef Åge Brenna i Skjåk Energi KF skriv i ei pressemelding at dei er oppteke av at uventa hendingar som straumbrot og liknande vert handsama på ein god måte.

– Vi ber om forståing for at vi vil ha reduserte tenester i streikeperioden. Det vil seie at det berre er driftsfeil der det er fare for liv og helse for menneske og dyr, og ved betydeleg materiell skade for tredjeperson, at feil i straumnettet vil bli reparert, skriv Brenna.

Elverksjefen ber om at kundar som har behov for livsviktig elektrisk utstyr og at desse fungerer til ei kvar tid, må ta kontakt med Skjåk kommune.