Etter planen skulle den nye gang- og sykkelvegen vere ferdig 1. november i år, men byggeleiar Henning Garmo i Statens vegvesen fortel at arbeidet er forseinka, og at det ikkje let seg gjere å bli ferdig innan denne fristen.

– Kulda kom tidlegare enn forventa. Difor får vi ikkje asfaltert vegen i år, seier Garmo.

Han fortel også at entreprenørane har kome over ein del meir fjell enn det dei var førebudde på under arbeidet med gang- og sykkelvegen.

– Dette gjer at prosjektet blir noko forseinka, sjølv om vi blir ferdige med det meste i løpet av november. Ferdigstilling av vegen blir difor til våren, seier Henning Garmo.

Det er Kveen Anlegg som er hovudentreprenør. Arbeidet med gang- og sykkelvegen tok til i mai.

Henning Garmo fortel at forseinkinga ikkje får konsekvensar kostnadsmessig.

– Vi er på den gode sida kostnadsmessig, og er godt innanfor budsjettet, seier byggeleiaren.

Den nye gang- og sykkelvegen som går frå Prestgardssvingen og vestover til Nissegarden, er 2,2 kilometer lang, og har ein samla prosjektkostnad på 25 millionar kroner.