Ein campinggjest på Bispen camping i Skjåk tok ved midnatt, natt til laurdag, kontakt med politiet etter at ein gjeng yngre menn skal ha dukka opp rundt campingvogna hans.

Gjengen skal ha kome med verbale trugslar, og kasta stein mot vogna.

Operasjonsleiar i Innlandet politidistrikt, Per Solberg, fortel at campinggjesten følte stort ubehag, og at ein patrulje rykka ut til campingplassen i Bismo for å ta hand om situasjonen.

Ifylgje operasjonsleiaren bestod gjengen, som var lokale tenåringar, av i alt sju personar. Dei fleste av desse la på sprang da politiet kom.

– Da patruljen kom til campingplassen var det att berre to personar. Desse vart køyrd heim til sine respektive familiar, seier Solberg.

Det vart ikkje skader på campingvogna, og operasjonsleiaren fortel at det nå er opp til campinggjesten om han vil anmelde saka.