Det melder Skjåk kommune.

Det har vore travaleg å få søkjarar til ledige stillingar ved legekontoret i Skjåk, men nå kan det sjå ut som om puslespelbitane er i ferd med å falle på plass. Det må rett nok seiast å vera mange puslespelbitar:

Kommuneoverlege Odd R. Solheim har sagt opp og slutta. Skjåk kommune har tilsett ny kommuneoverlege, Sondre Bøye, som startar 1. april 2017. Skjåk kommune har inngått avtale med lege Christen Halle ved Lom helsesenter, som skal vikariere som kommuneoverlege i Skjåk frå 1. september og fram til Sondre Bøye tiltrer i april 2017.

Vikarlege Ove Andrè Bjerkan sluttar 1. oktober.

Det er tilsett to nye vikarlegar, Simen Austdal frå Fåvang som startar 1. september, og Sarath Neththasinghe frå Sri Lanka som startar 3. oktober. I tillegg kjem turnuslege Peer Stian Teigland frå 1. september.

– Det vil vera noko redusert kapasitet på legekontoret fram til vikarlegane og turnuslege er på plass og operative, men vi reknar med at kapasiteten vil ta seg noko meir opp frå veke 37, skriv Skjåk kommune på heimesida si.

Skjåk kommune har, for å styrke legetenesta i ein overgangsfase, engasjert vikarlege Qasim Malik, som tidlegare har vikariert ved Skjåk legesenter. Malik vil vera på legekontoret i Skjåk frå 3. oktober til 2. desember.