Ashesh Dangol blir kalla «Himalayas Jimi Hendrix», og har spelt på scener rundt om i verda. Nå er det Fjoset Pub i Lom som står for tur.

Det musikalske møtet i Lom er eit resultat av eit samarbeid mellom Fjoset Pub og kampanjen «ReisNepal». Målet er å få norske turistar til å besøkje Nepal etter jordskjelva i 2015, og bidra til gjenoppbygging og vidareutvikling av turistdestinasjonar som vart øydelagt. Turisme er den viktigaste næringa i Nepal.

Kampanjen «ReiseNepal» vart starta av Arild Molstad, Jon Gangdal, Olav Myrholt og Trygve Sunde Kolderup, som alle har fleire tiårs erfaring frå ekspedisjonar og bistandsarbeid i Nepal.

Konserten i Lom inngår i ein lang turné som det nepalske bluesbandet skal ut på i Noreg og Spania. Alle inntektene går til «ReisNepal». Før konserten vil det bli ei stutt orientering om situasjonen i Nepal etter jordskjelva, og etterpå blir det gode moglegheiter til å få prate med bandets medlemar og sherpaene som arbeider på Juvasshytta og Leirvassbu.

– Eg er spent, men gler meg. Eg har aldri spelt med dei før, naturleg nok, men eg har høyrt på Ashesh Dangol på YouTube. Han er ikkje borte, han, ler Rune Kjørren, som stiller opp fordi han vil støtte ei god sak.

– Det blir artig å møte dei. Eg håpar mange finn vegen til puben denne kvelden, seier Rune.