Det er Stian Brenden maskinservice som er entreprenør for utbetringa av riksveg 15 frå frå Rudilykkja til rasteplassen vest for Solheimsvingen. Ei strekning på totalt 2,3 kilometer.

Dagens veg er smal og svingete. Byggjeleiar Henning Garmo i Statens vegvesen fortel at vegen skal bli breiare og vil få gul midtstripe. Svingane ved Rudilykkja, Søre Snerle og Solheim skal rettast ut

All utviding av vegen skjer innover i terrenget, med unntak av Solheimsvingen som skal leggjast utover. Ved Søre Snerle vil vegen bli trekt noko unna og det skal byggjast støyvoll for å skjerme tunet mot støy. Her skal det også byggjast undergang for sau.

Henning Garmo fortel at det er mykje fjell og massar som skal flyttast på i samband med arbeidet. 14.000 kubikk med fjell og 37.000 kubikk masse.

Garmo seier trafikantane etter riksvegen må rekne med ventetid, særleg i arbeidet med fjell. Trafikken vil bli ljosregulert og med nedsett fartsgrense.

Utbetringa av riksveg 15 skal vere ferdig i månadsskiftet juni/juli neste år. Kostnaden for entreprisen er 24 millionar kroner.