I 2012 reduserte kommunestyret i Skjåk valkrinsane frå sju til tre. Dette vart gjort for å innfri krav om universell utforming i alle vallokala og for å redusere utgiftene ved gjennomføring av val.

I samband med kommunereformsaka i 2016 vart folkerøystinga gjennomført med eitt røystelokale i Skjåk, nemleg på kommunehuset i Bismo.

– Samstundes hadde ein moglegheit til å førehandsrøyste. Valoppslutninga var god, så det er grunn til å tru at det ikkje påverka resultatet at det berre var eitt røystelokale, skriv rådmannen i ei sak han snart legg fram for formannskapet.

Rådmannen slår fast at fleire og fleire brukar moglegheita til å førehandsrøyste.

Stortings- og sametingsvalet skal gå føre seg 11. september 2017.

– Ved å redusere frå tre til ein valkrins, med eitt røystelokale, vil vi kunne redusere kostnadene. Ved valet i 2015 hadde vi 24 personar i røystestyret. Vi ser føre oss å halvere dette ved å ha ein krins og eitt røystelokale, skriv rådmannen.

Han rår formannskapet til å innføre ordninga frå og med stortings- og kommunestyrevalet i 2017.