av Terje Lisødegård

VINGROM:

– Huff, dette var nifst, sukkar lomværen og trailersjåføren Odd Kroken etter at han onsdag efta vart påkøyrt av ein møtande personbil på E6 like ved Vingrom kyrkje i Lillehammer.

Odd Kroken fortel til Fjuken at han var på veg til Nittedal med full last i det store vogntoget frå Norgesfòr, som han køyrer fast for.

- Plutselig ser eg at ein møtande personbil svingar rett mot bilen min. Eg forsøker å kaste bilen min til høgre, mot vegkanten, men så smell det. Bilane traff fronthjørne mot fronthjørne, heldigvis ikkje rett i fronten, seier Odd Kroken.

Odd Kroken håpar, sjølv om bilen hans fekk nokre skadar i fronten, at han kan fortsetja til Nittedal.

I fylgje politiet i Lillehammer hadde den aktuelle personbilen fyrst sneia ein lastebil nokre hundre meter lenger sør, men halde fram ferda.

Politiet seier at føraren av personbilen, ein eldre mann, kan ha fått eit illebefinnande. Han skal ikkje vera hardt skadd, men vart sendt til sjukehuset i ambulanse. Etter ei stund vart skadane på mannen skildra som lettare av politiet.