Nok ei ufatteleg og meiningslaus terrorhending har råka uskuldige menneske. Denne gongen i havnebyen og turistbyen Nice i Frankrike.

– Kva kan vesle Lom gjere for å minnast tapa av menneskeliv og vise vår motstand mot terrorangrep, spør lomværar.

Saman med Bakeriet i Lom, ein internasjonal arbeidsplass, har kommunen oppretta ein kondolanseplass med protokoll som, etter at den blir lukka, skal overleverast til den Franske ambassaden i Oslo.

– Vi ynskjer med dette å syne vår medkjensle med alle dei som er råka både direkte og indirekte av denne terrorhandlinga, seier bakaren Morten Schakenda, varaordførar Anne-Lise Marstein og ordførar Bjarne Eiolf Holø.

Dei håpar at mange stoppar opp og skriv ei helsing i protokollen ute ved bakeriet.

– Lom er i likskap med Nice ein stad med mange turistar der alle nasjonalitetar møtast. Vi ynskjer nå at alle viser ein spesiell omtanke med våre franske gjestar som besøker Lom desse hektiske sommarvekene, seier initiativtakarane.

På bakeriet i Lom er det lagt ut ein kondolanseprotokoll. Foto: Privat