– Dette blir ikkje eit tilbod berre i sommar, men er tenkt som eit permanent tilbod, seier dagleg leiar Astrid Gjertsen om fredagspuben på kjøpesenteret i Skjåk.

Det var etter den vellykka pubkvelden på Skafferiet i samband med Black Friday i haust, at Astrid Gjertsen fekk ideen om å utvikle konseptet.

Ho har fått på plass skjenkeløyve for øl, vin og brennevin, og håpar mange nyttar seg av tilbodet framover.

– Eg håpar at dette kan bli ein fast møteplass for bygdefolket, ettersom at det skal vere ope kvar fredagskveld, seier Gjertsen.

Til å byrje med vil ho tilby litt snacks attåt drikka, men etterkvart ser ho for seg å utvide med nokre enkle matrettar om kvelden.

Etterkvart som puben og dei nye rutinane går seg til, fortel Astrid at ho vil sjå på moglegheitene for å ha temakveldar under fredagspuben.

– Eitt døme på dette kan vere ost- og vinkveld, seier ho.

Fyrste fredagspub på Skafferiet er denne veka.