I mai vart fartsgrensa på riksveg 15 ved Randen sett ned frå 80 til 60 kilometer i timen. Dette vart gjort som eit tiltak for å betre trafikktryggleiken langs riksveg 15 forbi krysset med fylkesveg 51.

Onsdag ettermiddag small det. To bilar kom vestfrå. Den eine som skulle svinge av i krysset for å køyre opp fylkesveg 51, vart påkøyrd bakfrå.

Ein person i eine bilen vart sendt til lege for sjekk etter ulykka.

Politiet har teke førarkortet til føraren av bilen som køyrde inn i den andre. Båe bilane var heimehøyrande på Vestlandet.