Det var Kjærsti Gangsø som sa dette da arrangørlaget, Vågå spel- og dansarlag, vart takka under meisterkonserten sundag.

– Vi er glade for å ha vore vertskap, men det er greitt att døkk reise heim att nå, sa leiaren av hovudkomiteen til kappleikpublikummet. I følgje Gangsø hadde det ikkje vore problem å vere leiar for arrangementet når ein får velje med seg dei beste personane i komiteen.

600 friviljuge

– Det var spenning om arrangøren ville klare å følgje opp frå tidlegare arrangement. Det vart gjort, sa styreleiar Per Øyvind Tveiten i FolkOrg da han takka hovudkomiteen. Bortimot 600 friviljuge har stått på nærast døgnet rundt desse kappleikdagane i Vågå.

Styreleiaren i FolkOrg håpa at Vågå kjem attende som arrangør ved eit seinare høve.

Og akkurat det såg ikkje Kjærsti Gangsø bort frå, da kappleikpublikummet forlet Vågåhallen for siste gong etter meisterkonserten.

– For bygdene er eit slik arrangement viktig. Ikkje berre for arrangørlaget, men for alle i bygda, sa Gangsø. Ho meiner at 4-5 år mellom slike arrangement er bra for å bevare kompetansen.

– Og det som er mest morosamt, er at vi har ungdom som vil vere med, ungdom som gler seg til å bli store for å få vere med å arrangere kappleik og festival.

– Det har vore ein fantastisk bra landskappleik, stråla Kjærsti Gangsø. Ho tippa at kring sju tusen personar har vore innom Vågå og kappeleiken desse dagane.

Nå kan både ho og resten av hovudkomiteen og dei friviljuge puste ut. Men fyrst må det ryddast…

Heidersmedlem og kongepokal

Under den to timar lange meisterkonserten sundag stod høgdepunkta i kø. Både i spel, song og dans.

Rasmus Stauri frå Sør-Fron vart utnemnd som heidersmedlem i FolkOrg. Han fekk heideren fordi han har bidrege vesentleg til å styrkja folkemusikken og folkedansen sin rolle og vilkåra for den i samfunnet.

Margit Myhr frå Gol spel- og dansarlag gjekk av med sigeren i vokal klasse A, og vann med det Kongepokalen. I finalen kniva ho med to andre finalistar Unni Løvlid og Berit Opheim. Unni Løvlid kom på andreplass, medan Berit Opheim kom på tredje plass.

Fureprisen gjekk til Sivert Andreas Holmen frå Vårflaumen Spel- og dansarlag i Valdres. Her var Eirik Schjølberg frå Vågå ein av dei fem finalistane.

– Dette har vore heilt fantastisk, sa Kjærsti Gangsø. Foto: ARVE DANIELSEN