Statens vegvesen fekk i morgontimane laurdag beskjed om at det hadde gått eit nytt ras ved Steine, like ved der den store steinblokka kom frå nokre år sidan.

Ole Egil Hagen i vegvesenet fortel at dei har hatt folk på staden, men har ikkje funne spor etter ras.

Derimot har eit tre velta, som fekk folk til å tru at det hadde kome ei ny steinblokk.