Av HANS ANDREAS SOLBAKKEN

Storfavoritten Kilian Jornet Burgada, som også vant årets Lomseggen Upp, var nesten eitt og eit halvt minutt framfor andremann i årets Besseggløp. Fleire venta at spanjolen skulle sette ny rekord, men med sluttida 1.17,54 vart det diverre ikkje det.

Kanskje hadde dei harde treningane dei siste dagane noko med det å gjera. Jornet kunne fortelja at han hadde vore ein tur på Besseggen kvelden før løpet og dagen før det hadde han hatt ein trimtur på 80 km.

– Kanskje eg kan ta rekorden ved ei seinare anledning når eg har meir sprut i føtene, for eg har lyst til å kome attende. Det var ein fantastisk tur over fjellet, sa ein tilfreds Jornet etter målgang.

Magne Svare frå Vågå kom inn på tida 1.42,30 og vart med det beste lokale løpar. Bjørn Georg Riksaasen, Vågå, kom inn berre to minutt og sju sekund bak Svare.

Men den som kanskje imponerte aller mest i årets Besseggløp var ti år gamle Kristian Moen. Sonen til løpsgeneral Tor Erik Moen, kom seg over fjellet på imponerande 2.34,23.

– Eg gjekk heilt tom oppi her, men då fekk eg peanøtt og brus hjå ein raude kross-vakt. Då kom eg meg att og kunne fullføre nedturen, sa ti år gamle Kristian etter målpassering. Han var mektig imponert over tida til førebiletet sitt Kilian Jornet Burgada, men presiserte at han ville ta rekorden over Besseggen ein gong i framtida.

Også i kvinneklassa var det forventningar om ny rekord. Rekorden frå 2014 på 1.35,31 var sett av Tuva Toftdahl Staver og det var ho som stakk av med sigeren i år også. Det var heller ikkje rekord i kvinneklassa, men tida 1.37,11 var nok til å slå dei fleste av dei i alt 150 deltakarane i Besseggløpet 2016.

Tuva Toftdahl Staver vann kvinneklassa. Foto: HANS ANDREAS SOLBAKKEN