«Ikkje til sals» står det bak på maleria til Kristen Holbø (1869-1953) som nå heng i eit rom på Norsk Fjellsenter i Lom.

– Bestefar ville at desse maleria frå Jotunheimen og Sjodalen skulle vera samla, ikkje spreiast, fortel systrene Anne og Inger Holbø som har teke initiativ til utstillinga.

Det er fyrste gongen heile denne unike samlinga blir synt nokon stad. Publikum har ein gylden sjanse til å ta dei flotte fjellmotiva nærare i augesyn.

Sjansen kan vera til stades for ei permanent samling med fjellmotiv av kunstnaren Holbø i Ottadalen, men da lyt einkvan med makt, mynde og litt til nytte høvet. Systrene Holbø er nok ikkje heilt uinteressert i det ...

Utstillinga opnar laurdag.