Per Lars Lien (Sp) kom med framlegg om å avslå søknaden.

– Eg har ikkje tillit til kompetansen og interessa Nasjonalparkriket Reiseliv AS (NPR) har synt overfor Skjåk så langt, sa han.

Han fekk støtte frå partikollega Håvard Krogstad Berger, som undra seg over kva resultat reiselivsdestinasjonen så langt har gjeve skjåksamfunnet.

– Vi får sjeldan eller aldri svar på det. Eg tykkjer ikkje Skjåk blir profilert bra nok, og meiner derfor det er meir nyttig å bruke 250.000 kroner til tiltak retta meir direkte mot Skjåk, sa han.

Heidi Banken Fallingen (Ap) var av ei anna meining. Ho oppmoda kommunestyret til å røyste ja.

– Eg håpar iallfall ikkje vi får ein slik diskusjon som i Lom, der det er store interessekonfliktar og eviglange debattar. Vi må greie å formidle til NPR kva vi vil, gjera ei meir direkte bestilling enn det vi har gjort tidlegare, meinte Banken Fallingen.

– Så lenge dette handlar om tilskot, og ikkje tenestekjøp, så kan vi ikkje krevje noko, repliserte Per Lars Lien.

Edel Kveen (Sp) sa seg heller ikkje spesielt nøgd med NPR.

– Eg skulle gjerne sett at Skjåk var betre profilert, men vi har ikkje andre destinasjonar som sel området vårt som region. Turistar er ikkje opptekne av kommunegrenser, dei er opptekne av det vi har å by på i regionen. Dei har ein veg å gå i NPR, men vi har ikkje gjort det enkelt for dei vi heller. Dersom vi ikkje støttar dei nå, vil vi forkludre det regionale samarbeidet. Eg går for å røyste ja, konkluderte Kveen.

Kristen Haugen Dagsgard (Sp) hadde kome til motsett konklusjon.

– Vi har eit pressa næringsfond, det er eit faktum. Nå er vi i ferd med å gjera eit stort innhogg der, trass i at det er uklart kva vi får att for det. Eg er samd med Per Lars Lien. Eg vil røyste nei, sa Haugen Dagsgard.

Det var det i alt 9 som gjorde. 12 røysta for. Dermed vart det fleirtal for å sende 250.000 kroner frå næringsfondet i Skjåk kommune til Nasjonalparkriket Reiseliv AS.