29 lag var i sving under lagspelet i Vågåhallen fredag. Det var stor stemning blant det folkemusikkentusiastiske publikummet i den bortimot fire timer lange tevlinga.

Programleiar Ivar Odnes kom med ein idé før han introduserte siste laget på scena, Landskappleiken som sakte-TV.

Det blir nok vanleg fart på sakene når NRK Hedmark og Oppland skal sende direkte på nett-TV frå storkonserten fredag kveld.

Her er mange av dei beste og mest profilerte folkemusikkutøverane frå Vågå med. 104 aktører skal på scena, i alder fra 6-80 år. 29 musikkinnslag fordelt på 10 ulike scener.