Vedtaket vart fatta mot fem røyster, alle frå Ap.

Det var ein engasjert ordførar Elias Sperstad som tok ordet da saka kom til behandling.

– Vi har nettopp vedteke at vi skal halde fram som eiga, sjølvstendig kommune. Det betyr at vi skal byggje vidare den kommunen vi bur i. Vi skal bli betre rusta for framtida, vi skal vera attraktive og vi skal få eit enda betre omdøme. Dette er ei stor og viktig sak av fleire grunnar, ikkje minst for ungane, som i høgste grad fortener ein skule med karakteren S. Det er ei stor sak på andre måtar òg, det er prat om ei investering på over hundre millionar kroner pluss moms. Det blir utfordrande, men vi har ikkje fått tommelen ned frå økonomisjefen og det tek eg som eit signal på at dette skal Skjåk kommune greie. Den nye skulen blir positiv for elevane og for bygdasenteret. Vi må ha eit attraktivt sentrum for å kunne lukkast i å stabilisere og kanskje auke folketalet, sa Sperstad.

Han var inne på fleire gledelege poeng ved skuleutbygginga: Fleire lokale entreprenørar har gått seirande ut av anbodskonkurransen.

– Det vil i fyrste omgang skape stor aktivitet og positive ringverknader i byggjeperioden. Dette blir eit kjempelyft for bygda, konkluderte ordføraren.

Stig Erlend Banken (Ap) var ikkje like begeistra. Han kom med framlegg om å utsetja saka.

– Vi foreslår å utsetja saka til vi har god nok økonomi. Det er klart eg ser fordelen med ny skule, det gjer vi alle saman. Men vi ser ulempene òg. Vi kunne ha nytta ressursane på ein betre måte, det er hovudgrunnen til vårt forslag, sa Banken.

Berre fem røysta for utsetjingsframlegget. Dermed er det klart at ny 1-10-skule skal byggjast i Bismo. Bygginga tek til om stutt tid, i juli, og målet er at storskulen skal stå klar innan skulestart hausten 2018.