Ein bil, med to personar, har køyrt av vegen ved Ånstad i Skjåk, ikkje langt frå Skjåk kyrkje og om lag sju kilometer aust for Bismo.

Politiet melder at det er to utanlandske borgarar i ein leigebil, og at den eine blir køyrt til sjukehus medan den andre får behandling på staden.

Ulykka har skapt noko hinder i trafikken, det blir dirigert manuelt forbi ulykkesstaden.

Ulykka skjedde ved 11-tida onsdag.