Sidan februar har Felleskjøpet Agri, Trioplast og Tama hatt gåande ei kampanje for å bidra til brystkreftforsking.

Felleskjøpet har tatt initiativ til å støtte kampen mot brystkreft med rosa rundballar. Difor vil rosa rundballar i sommar bli å sjå over heile landet.

– Vi rår som regel kundane våre å bruke kvit plast som er best på å reflektere solljoset. Alle testar gjort i Sverige, viser at rosa plast har nær same gode eigenskapar som den kvite, fortel Jan Håvard Kingsrød, produktsjef konservering i Felleskjøpet Agri i ei pressemelding.

For kvar rull med rundballeplast- eller nett som blir seld, blir totalt 30 kroner gjeve til brystkreftforsking.

Pengane er eit bidrag frå tre partar; bonden betaler 10 kroner ekstra samt at Felleskjøpet og leverandørane Trioplast eller Tama donerer 10 kroner kvar.