I 2014 fekk Ivar Magne Bårstad på Lalm tak i ein Opel Kadett Caravan - 1964-modell.

Bilen var maken til den han hadde i ungdommen, og har til og med fått same registreringsnummeret.

Bilen var i dårleg stand, og vart sendt til Polen for totalrenovering med sveising av rust og lakkering av bilen. Nå står det berre att å skifte setetrekka i bilen.

Dottera Malin Stubbrud Bårstad fortel at det var ein stolt bileigar som henta att bilen på Otta da den kom attende frå Polen i august 2015.

Ivar Magne Bårstad hadde fleire veterankøyretøy og prata i mange år om å stille i Flåklypa Grand Prix. Han hadde bestemt seg for å stille i år med kadetten, men slik gjekk det ikkje. I november 2015 døydde han brått.

Sjølv om Ivar er borte, lever draumen. Den skal nå Malin og onkeljenta Hanne Bårstad realisere. Med startnummer 447 stiller dei laurdag på startstreken i Flåklypa Grand Prix.

– Det blir rart, men vi kjem til å vere stolte der vi sit, seier Malin.

– Dette blir fint, men samstundes rørande, seier Hanne.

Med på turen blir også Adrian, sonen til Hanne, og Lars Rune Melby, sambuaren til Malin.

Både Malin og Hanne kjem til å stille i antrekk frå 1960-talet. Adrian skal ha rutaskjorte og caps, slik mange hugsar Ivar gjekk kledd.

– Vi skulle vel kanskje hatt rutaskjorte og caps alle saman, seier Hanne.

Da Ivar Magne Bårstad kjøpte kadetten, var det barnebarnet Niklas på fem månader som fekk bilen.

Men den unge bileigaren som nå har vorte to år, får ikkje vere med i Flåklypa-løpet på grunn av tryggleiken. Bilen har nemleg ikkje bilbelte. Sjølv om det på 1960-talet var vanleg at ungane kravla fritt omkring bak i bilen…

Malin ynskjer å takke Arve Barhaugen som har stelt i stand og klargjort bilen til Flåklypa. Han var nabo med Ivar og hadde lova å gå over bilen. Det løftet heldt han.

Den flotte raude Opelen har tilnamnet «raudosten».

– Det var det Ivar kalla gammelbilen sin i ungdommen, fortel Malin. Det er ho som kjem til å sitje bak rattet når starten går i Lom laurdag. For å heidre faren.

Flåklypa Grand Prix

458 køyretøy stiller i årets Flåklypa-løp som blir gjennomført for 25. gong. Det er Jotunheimen Veterankjøretøy Klubb som arrangerer Flåklypa Grand Prix, som er landets største veteranbilløp.

Det eldste køyretøyet som er påmeldt er ein 1911-modell T-Ford.

Årets løype er om lag ni mil lang og startar på Nordal camping i Lom. Deltakarane skal køyre Liavegen, over Liabrua, og den gamle Kollavegen til Garmo. Deretter går turen attende til Lom på riksveg15. Vidare går turen opp til Flåklypa, før kursen blir sett mot Skjåk. Frå Ånstad går løypa vidare om Reppen, riksvegen til Bismo og Skamsarbrua, Lundagrenda, og så riksvegen attende til mål på Nordal camping. På turen er det lagt opp til fem ulike postar med teoretiske og fysiske oppgåver for deltakarane.

To år gamle Niklas fekk Opelen av bestefaren. Bak sit Adrian. Foto: ARVE DANIELSEN