Det har i fleire år vore eit ynskje om busshaldeplass på Tessand. Både frå innbyggjarane, grendalaget og politisk hald.

Nå har Statens vegvesen i samarbeid med Sel kommune laga eit forslag til reguleringsplan for busshaldeplass langs riksveg 15 på Tessand.

Samarbeidet med Sel kommune skjer på grunn av at rådmannen i Vågå er inhabil i saka. Planen er lagt ut til offentleg ettersyn i servicetorget på kommunehuset i Vågåmo i perioden 26. mai til 1. august.

Busshaldeplassen skal vere ein einsidig haldeplass med moglegheit for innkøyring både frå aust og vest. Einsidig haldeplass vil gjere det meir trafikksikkert ved at ein unngår kryssing av riksvegen og venting langs vegen for reisande med ekspressbuss. Haldeplassen skal vere universelt utforma, og skal etablerast ved avkøyringa til Tessand i vest. Tre grunneigedommar blir berørt av tiltaket.

Statens vegvesen ser dette som eit positivt tiltak, som kan bidra til at fleire får moglegheit til å reise kollektivt. I samband med planarbeidet vil det bli halde ein open kontordag på Tessand grendahus måndag 6. juni.

Statens vegvesen har per i dag ingen midlar til tiltaket, og byggjestart og ferdigstilling av prosjektet er difor ikkje planlagt. Finansiering vil eventuelt skje ved løyving i Nasjonal transportplan - Handlingsprogram for riksvegar 2018 - 21, som kollektivtrafikktiltak.