Lykstad & Owren Landbruk AS har søkt om konsesjon på Klones. Selskapet skal kjøpe tunet på Klones, fjoset vest for Klonesbekken og fjoset ved Sundsteinen. Tunet er ikkje konsesjonspliktig. Seljar er Arvid Mæland og Inger-Marie Haaland.

Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning skal behandle konsesjonssøknaden onsdag ettermiddag.

I si innstilling rår rådmannen til å avslå søknaden om konsesjon på kjøpet Klones.

Rådmannen grunngjev forslaget om avslag at det knyter seg klare ulemper til at eit aksjeselskap står som eigar av Klones, blant anna ved at ein ikkje kan pålegge personleg buplikt og at ein mister kontrollen med kven som er den reelle eigar av garden.

Rådmannen skriv at overdraging av aksjar er konsesjonsfritt slik at ein mister kontrollen på kven som i realiteten er på eigarsida. Det betyr at det i teorien kan sitte folk på eigarsida kvar som helst i verda.

Førre eigar fikk konsesjon på vilkår om at han skulle busette seg på eigedommen. Rådmannen meiner at eigedommen er av ein storleik og har eit omfang som gjer at personleg buplikt vil gje tettare oppfølging av dyr, areal og bygningar enn upersonleg buplikt eller ikkje buplikt i det heile.

I denne konkrete saka ser rådmannen det som vanskeleg å sette vilkår om personleg buplikt i og med at det er eit upersonleg selskap som søkjer konsesjon. Dersom ein går inn for konsesjon bør det setjast vilkår om varig upersonleg buplikt på eigedommen i den tida selskapet Lykstad & Owren Landbruk AS står som eigar.