Lalm er av dei siste bastionane når det gjeld markering av 1. mai i Gudbrandsdalen. I år hadde Lalm Arbeidarlag fått med seg Sjårdalen Arbeidarlag, Vågå Arbeidarparti og Fagforbundet Vågå som arrangørar av dagen. I tillegg hadde Heidal Arbeidarlag valt å markere dagen på Lalm.

1. mai-toget på Lalm har nok vore lengre tidlegare år. Av dei som var med og gjekk i tog, vart cirka hundre med inn på samfunnshuset og arrangementet etter toget.

Her sette programleiar Gjermund Øihusom og dagens talar Odd Erik Sveen fingeren på næringsutvikling.

Øihusom gav til kjenne ein stor skepsis når einaste næringsutviklinga skjer innan handel.

– Vi som er att må auke forbruket. Alternativet er at vi må bli fleire innbyggjarar, sa han.

Odd Erik Sveen sa at det er samarbeid som skapar ny framtid, nye arbeidsplassar og ny aktivitet.

– Eg har ingen bevis, med for meg er det sannsynleg at Nord-Gudbrandsdalen har mista arbeidsplassar for vi i kvar kommune har vore meir opptekne av kvar den skal liggje, enn at den faktisk har hamna i region, sa Sveen. Han hevda at ein gründer i utgangspunktet er likegyldig til kommunenamn.

– Krangel om bagatellar reduserer vår attraktivitet. Ein arbeidsplass i Nord-Gudbrandsdalen er positivt for heile regionen, sa Sveen.

Leiar i Heidal Arbeidarlag, Magnar Leirflaten, heldt dagens appell der han kom inn på kommunereformen.

– Den 22. mai skal vi avgjere om vi skal sjå ein ny Vågå kommune. Frå min ståstad er det eit klart ja, sa Leirflaten. Han peika på Lalm og Heidal som utkantar i sine kommunar.

– Med fleire utkantar blir vi sterkare i lag, sa Leirflaten.

Odd Erik Sveen var årets hovudtalar. Foto: ARVE DANIELSEN