Onsdag denne veka forvilla ein tysk bilist seg opp vegen over Slådalen frå Lesja-sida.

Arbeidet med å brøyte vegen er i gang, men langt i frå ferdig. Det fekk tyskaren smerteleg erfare.

Mannen var på veg frå Trondheim til Bergen i leigebil, som sjølvsagt var utstyrt med GPS. Denne ville ha den tyske bilisten til å køyre Slådalsvegen frå Lesja til Vågå.

Vegen er merka med at den er «vinterstengt», noko som tydelegvis ikkje er i det tyske vokabularet. Tyskaren gav seg i veg. At brøytinga av vegen slutta, stoppa ikkje tyskaren. Han fortsetje på skareføre, med leigebilen - ein Ford Mondeo med tohjulsdrift.

Tyskaren kom seg nesten til grensa mot Vågå, før han køyrde seg fast. Og der stod han i gul vest da linemannskap frå Statnett kom køyrande på snøskuter. Dei kunne berre konstatere at hjelpa var på veg.

Tyskaren sjølv hadde teke kontakt med bergingsbil frå Dombås, som kom og berga den uheldige bilføraren ned frå fjellet.

Om tyskaren kom seg velberga til Bergen fortel ikkje historia noko om.

I fjor vart vegen over Slådalen opna etter 17. mai. Simen Kleiven i Vågå kommune fortel at vanleg opningsdato er 1. juni.

Fjuken og Vigga har samarbeidd om saka. Sjå kva Vigga skriv her.