17. mars 2011 vedtok konsernstyret i TINE å fortsetje produksjonen av Gudbrandsdalsost ved meieria Lom & Skjåk og Ørsta. Nå tyder ting på at produksjonen av brunost i Lom & Skjåk kan auke.

TINE skriv på si nettside at dei kan redusere dei årlege kostnadane med 70 millionar kroner ved å optimalisere industrien. Konsernstyret vil ta ein endeleg avgjerd, mest truleg før sommaren.

Det er gjennomført ei omfattande utgreiing der TINE har sett på utviklinga i innanlands sal av meieriprodukt, utviklinga i mjølkeproduksjonen framover og industriell produksjonskapasitet.

Ein rapport peikar på ein langsiktig produksjonsstruktur, som det vil ta 3-5 år før endringane er gjennomført.

Ei rekkje alternativ er vurdert. Det mest lønsame alternativet betyr at TINE kan redusere dei årlige kostnadene med 70 millionar kroner ved å tilpasse industrikapasiteten og optimalisere produksjonen.

– Endring i innanlands etterspørsel og bortfall av eksportsubsidiar gjer at vi må tilpasse industrien vår. I dette ligg det også moglegheit for å oppnå ein forbetra effektivitet og fleksibilitet på kvitost og andre produktgrupper, også brunost. Med stadig aukande konkurranse, ikkje minst frå import, er det viktig at TINE driv ein mest mogleg effektiv industri, seier konserndirektør produksjon, Per Ivar Berg.

Om denne endringa skulle bli vedteken vil det bety at produksjonen av brunost blir flytta frå Ørsta til Lom & Skjåk og Byrkjelo. Meieriet i Ørsta står i fare for å bli lagt ned.

Gudbrandsdalsosten har fått ny innpakning. Foto: ARVE DANIELSEN