Fylkesmannen i Oppland og Statens naturoppsyn har sendt ut informasjon til ordførarane om påviste ynglingar av jerv, alle innafor sona for jerv.

Det er påvist ei yngling i Visdalen i Lom, ei i Skjervedalen/Finndalen i Lom, ei i Lordalen i Lesja og ei i Raudalen/Mysubytta i Skjåk.

Registrering av bestanden fortset utover april og mai.

I forvaltningsplanen for region 3 som vart vedteken i 2012, er bestandsmålet fire årlege ynglingar av jerv.

Rovdata kan ein følgje med på registrerte kull med jervekvalpar i Norge i 2016 etter kvart som dei blir meldt inn av Statens naturoppsyn (SNO).