Nær busetjing ved Marlo i Skjåk, vart det fredag funne eit rådyrkje som det store kattedyret hadde teke.

Eit lår og delar av bakparten vart fortært like etter at «katten» hadde drepe dyret. Deretter hadde gaupa forsøkt å dekke dyret med snø, slik at ho seinare kan koma attende når ho blir svolten.

Rovviltkontaktar frå Statens naturoppsyn (SNO) var på staden for å stadfeste at det var ei gaupe som hadde teke dyret. Det var ingen tvil.

Det er i vinter stadfesta at det med jamne mellomrom er tre gauper i Skjåk og Ottadalen. Det er ikkje lovleg å jakt gaupe i regionen vår nå.

Etter at karane frå SNO hadde dokumentert det heile, vart rådyrskrotten liggjande slik at gaupa kan forsyne seg vidare av maten.

Blir ikkje dyret ete opp, blir det fjerna for å unngå forureining.

Rovviltkontaktane Erling Dagsgard og Tor Erik Myhren sjekkar byttedyret. Foto: Hans Erik Kjosbakken