Eigentleg ville Pia-Karoline Øfeldt bli ambulansearbeidar. Etter eit halvår på helsefag vart ho umotivert og fann ut at det ikkje var noko for henne. Ho måtte finne seg ei ny yrkesretning å gå, og valet fall på elektrofaget.

Den 7. juli i fjor tok 19-åringen til som lærling som energimontør i Eidefoss. Her vart lomsjenta historisk. Pia-Karoline er nemleg den fyrste kvinnelege energimontøren i Eidefoss si 100 år lange historie.

– Det tykkjer eg sjølvsagt er morosamt, og eg tykkjer det er tøft av Eidefoss å tilsetje ei jente når dei aldri har gjort det før. Samstundes lurar eg litt på kvifor eg er den fyrste jenta. Eg tykkjer dette yrket er svært tøft, og skjønar rett og slett ikkje kvifor ikkje fleire jenter oppi her har gått denne vegen og hatt lærlingtida si i Eidefoss, seier ho.

Energimontørlærlingen har vorte godt motteke av kollegaene på basa i Lom.

– Karane er så greie for meg. Eg jobbar med utruleg dyktige karar. Det er motiverande å stå opp og reise på arbeid når ein veit ein har slike folk rundt seg som er så tolmodige og hjelpsame. Men når det er sagt trur eg at karane berre har godt av å endeleg få eit kvinnfolk å hanskast med, smiler Pia-Karoline.

Sjå bildeserie øvst i artikkelen.

Dette er eit utdrag frå reportasjen som sto på trykk i Fjuken førre veke, 25. februar.