– Eg har røtene mine i Vågå. Klones har eit potensiale. Fin plassering og ein gard som er drivverdig, seier Per Erik Lykstad.

Onsdag kveld vart det kjent at eigarane av Klones; Inger Marie Håland og Arvid Mæland, har seldt garden.

Selskapet Lykstad & Owren landbruk AS kjøper Klones for å utvikle garden og tunet. Lykstad & Owren har drive med eigedom i ti år. Aksjeselskapet som kjøper Klones er eit selskap under stifting. Bak selskapet står Bjønne Owren og Per Erik Lykstad.

– Det er ikkje aktuelt med asylmottak på Klones. Vårt mål er å utvikle Klones til å bli ein levande stad med nye arbeidsplassar i kommunen. Vi ynskjer å utvikle gardsdrifta på Klones, seier Per Erik Lykstad. Han seier at Klones er inngangsport til Vågå. Utfordringa er å få turistar til å stoppe, slik at dei ikkje køyrer forbi.

– Målet er få til noko interessant å syne fram på Klones, seier Lykstad. Han seier dei ynskjer å investere store beløp i prosjektet.

– Vi ynskjer å invitere lokalsamfunnet, politikarar og øvrig næringsliv i kommunen til å bidra i prosessen, seier Lykstad. Han seier det har vore tenkt mange gode tankar om kva Klones skal innehalde tidlegare.

Dei nye eigarane tek over tunet i løpet av våren, og gardsdelen frå hausten av. Dei har planar om å byggje fleire nye fjøs på Klones og få meir dyrka jord.

Kjøparane av Klones vil ikkje gå ut med nokon kjøpesum.