Lisensfellinga på jerv har i år hatt mangelfull utteljing med totalt sju felte jerv av ein kvote på 21. Nå er lisensfellinga over, og det er dermed ikkje høve til å jakte meir på dyra. Med tanke på det store tapstalet som har vore i spesielt Finndalen dei siste åra, har ordførarane i Ottadalen bede om at jerv i dette området blir teke ut ved ekstraordinært uttak.

Men svaret frå miljødirektoratet har dei vanskar med å forstå.

– Miljødirektoratet vil følgje nøye med på yngleregistreringane i tida framover, og vi vil fortløpande vurdere uttak av ynglingar og enkeltdyr ved bruk av SNO. Som dei mest skadeutsette områda vurderer vi per nå både Vuludalen og Finndalen som aktuelle for ekstraordinære uttak. Dersom det blir aktuelt å felle jerv innanfor jervprioriterte område, vil vi prioritere Finndalen øverst, heiter det i svarbrevet frå miljødirektoratet. Brevet blir avslutta med å peike på at vêr, sportilhøve, tilgjengelege ressursar og tryggleiken for personell vil kunne setje avgrensingar for fellingsforsøk.

Lomsordførar Bjarne Eiolf Holø karakteriserer brevet som «eit langt svarbrev utan svar på det vi spør om».

– Dette er eit svar vi ikkje kan slå oss til ro med. Vi har søkt om skadefellingsløyve og vi forlangar eit skikkeleg svar. Med eit skadefellingsløyve vil vi kunne setje inn kommunale skadefellingslag saman med SNO sitt personell for effektiv sporing og felling. Når vi kan syne til dei store tapstala som har vore i dette området dei siste åra, og som på nytt vart toppa i fjor, må det til ytterlegare tiltak og skadefelling, seier Bjarne Eiolf Holø, som har oppmoda rovviltnemnda i Oppland til å vera med på oppfølginga av saka.

Lomsordføraren fortel at dei vil purre på eit nytt - og meir forståeleg - svar i morgon, tysdag.