Lisensfellinga på jerv har i år hatt mangelfull utteljing med totalt sju felte jerv av ein kvote på 21. Nå er lisensfellinga over. Dermed er det ikkje høve til å jakte meir på dyra. Med tanke på det store tapstalet som har vore i spesielt Finndalen dei siste åra, ber ordførarane om at jerv i dette området blir teke ut ved ekstraordinært uttak.

– Vi vil lkkje ha ein ny beitesesong med uhaldbare tap, seier ordførarane Bjarne Eiolf Holø og Elias Sperstad. Dei to hadde ein grundig prat om jerven onsdag, og la ein plan i høve korleis dei skal gå fram dersom dei ikkje får løyve til det uttaket det er søkt om saman med vågåordførar Iselin Jonassen.

– Vi finn oss ikkje i å vente fjorten dagar på svar frå direktoratet. Vi ventar positivt svar på søknaden i løpet av torsdag, seier Holø og Sperstad. Dei håpar dei kommunale skadefellingslaga får bistand frå Statens naturoppsyn.

– Da kan ein nytte dei ressursane Statens naturoppsyn rår over, til dømes scooter og helikopter. Dersom vi greier å ta ut dyr nå, kan vi sleppe dei kontroversielle hiuttaka, slår dei to fast.

Ordførar Bjarne Eilf Holø opplyser at dei så langt i dag, torsdag, ikkje har høyrt noko frå direktoratet.