Skjåk Energi har i dag, torsdag, sendt ut tekstmelding til straumkundar der dei informerer om at kundar mellom Skjåk 1 og Lom kan risikere å få straumbrot éin eller fleire gongar utover dagen, og mot kvelden.

Det er i samband med testing av effektbrytarar på høgspentlinje ut frå Skjåk 1 at kundane kan oppleve straumbrot torsdag.

Skjåk Energi avsluttar tekstmeldinga med å beklage eventuelle problem straumbrota mellom Skjåk 1 og Lom kan medføre.