– Det er travelt, men samstundes er det svært interessant og spennande. Derfor tek eg eit år til som leiar i partiet, seier Odd Joar Ramstad.

Skjåk Ap hadde årsmøte tysdag kveld. Ramstad fortel om stort engasjement og god stemning både i styret og blant medlemane.

– Medlemstalet er stadig aukande. I fjor fekk vi åtte nye medlemar, og det tykkjer eg er svært bra. Blant dei åtte finn vi både ungdomar og «nye» landsmenn, seier Ramstad.

– Kva er grunnen til medlemsauken, slik du ser det?

– Skuleutbygginga og kommuneøkonomien. Mitt inntrykk er at det går meir og meir opp for folk at skuleutbygginga vil få store økonomiske konsekvensar for innbyggjarane. Den politiske interessa ute på bygda er stadig aukande, og inntrykket mitt er at fleire og fleire støttar vårt syn, svarar Ramstad.