Fredric Aasbø, verdas beste driftar, sat bak rattet på ein Königsegg CCXR med 1.018 hestekreftar. Ein bil det finst tre av i verda.

– Å vera med på dette er utruleg artig, men samstundes eit kollosalt ansvar. Vi køyrer tross alt bilar som til saman er verd 20 millionar kroner, fortel Aasbø.

Blant bilane elles finn ein Lamborghini, Nissan GT-R, Audi R8 og ein 2017 (!) modell Toyota Arctic Truck.

– Det er ti bilar i fylgje, nesten alle sports- eller gatebilar og slett ikkje eigna for køyring på vinterføre. Men dette var ei utruleg oppleving - eit eventyr, fortel Aasbø, som òg var med i den fyrste Børning-filmen.

Det var halvleie tilhøve i Breidalen under innspelinga, men alt vart gjennomført etter planen.

– Vi hadde eigentleg null sikt, og det gjekk ikkje veldig fort - sjølv om vi køyrde langt over det som er tillat. Alt foregjekk i kontrollerte former, og vegen var stengt medan vi gjorde opptaket, fortel Aasbø.

Fredric Aasbø kan love publikum eit eventyr av ein film med spektakulær bilkøyring i vakkert norsk vinterlandskap.

– Faktisk blir dette den fyrste bilfilmen i verda som er spelt inn på vinterføre, fortel den sympatiske verdsmeisteren, som held til halve året i California, der drifting er kjempepopulært og Fredric Aasbo er eit stort namn.

Vi får vente i spenning, til vi får sjå ei vill bilscene - med breisladd gjennom Breidalen ...

Fredric Aasbø, verdas beste drifingsjåfør, er med på Børning 2. Foto: Hans Frisak