Hove tek over vervet etter Ivar Odnes.

Stortinget har bestemt at det skal sikrast ein levedyktig bestand av bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn, samtundes som jordbruket skal kunne nytte beiteressursane i utmarka. For å nå dette todelte målet, må rovviltbestanden forvaltast. Det er her rovviltnemnda kjem inn, som eit slags «diplomati» mellom dei ulike interessene.

– Ein ting er sikkert, og det er at ein ikkje alltid vil kunne gjera alle til lags. Det er eg førebudd på og klar over, seier Aud Hove. Ho fortel at rovviltnemnda, i løpet av dei to neste vekene, skal rundt til alle seks regionane for å ha møte med relevante miljø kring rovdyrforvaltninga. Dette gjer nemnda kvart år.

Bestandmåla for rovvilt i Oppland er fire årlege ynglingar av jerv og fem årlege familiegrupper av gaupe. Det skal ikkje vera ynglingar av bjørn og ulv i Oppland, medan kongeørnbestanden skal haldast stabil, det vil seie 50-60 par.