Curlingbana er bygd inntil ishockeybana som vart offisielt opna i januar i år. Dermed har Proel Arena to tilbod for dei som vil boltre seg på glattisen.

Ti lag stilte i curlingturneringa sundag. Dette var ei turnering for lalmingar og ex-lalmingar med lag av venner og familie. Det var krav om å ha minimum ein person på laget med tilknyting til Lalm som skip.

Etter innleiande kampar og gruppespel, var det laga til Jon Bjørkheim og Øystein Kleiven som møttest i finalen. Her stakk laget til Jon Bjørkheim av med sigeren. Med seg på laget hadde han Joakim Bjørkheim, Odd Arne Dalen og Odd Arne Bergdølmø.

Publikum og spelarar kosa seg ute i minusgradane. Nysnø som dala ned gjorde sitt til at banemannskapa ikkje fekk nokon roleg dag.

For dei som vil freiste ferdigheitene sine på curlingisen, er det mogleg å leige bane og steinar.

Norge har tradisjon for å hevde seg i internasjonale meisterskap. Blir curling den nye folkesporten på Lalm og i Ottadalen? Og kven vågar å bli den fyrste til å stille i fargerik ruta-bukse, maken den det norske curlinglandslaget brukte?

Spelemenn som også meistrar curling. Frå venstre Bjørn Kåre Odde, Øyvind Sandum og Torleif Kvehaugen. Joakim Bjørkheim konstaterer at sigeren og gruppespel er sikra. Foto: Arve Danielsen