Etter ein lang og delvis innvikla debatt i formannskapet, der ulike framlegg til vedtak i høve økonomiplan og budsjett vart lagt fram frå både Ap og Sp - og sett opp mot rådmannen sitt framlegg - kom politikarane i land med ei innstilling til kommunestyret. Men einige er dei ikkje.

Arbeidarpartiet vil at neste års budsjett må balansere utan bruk av fondsmidlar. Dei meiner rådmannen må kome med kuttforslag som i minst mogleg grad rammar brukarane av kommunale tenester.

– Vidare vil vi oppretthalde vedtaket som vart gjort i 2015 om å fase ut bruken av næringsfondet til drift i 2016 og 2017. Eg trur ikkje dei strukturelle endringane det er lagt opp til, til dømes i skule og barnehage, er nok til å få budsjettet i balanse på sikt, sa Odd Joar Ramstad.

– Det er dette som er politikk, kommenterte rådmann Svein Holen. Han kom med ei sterk åtvaring til Ap: Dersom det ikkje skal brukast av fond i dei to åra det er lagt opp til, før dei strukturelle grepa har gjeve resultat, og dersom bruken av næringsfondet til drift skal fasast ut i same periode, vil det få dramatiske konsekvensar.

– Vi ynskjer å skjerme dei tilsette i to år for å bruke tid til omstilling. Det meiner vi er forsvarleg politikk, men dersom politikarane heller ynskjer å gå til mange oppseiingar, skal sjølvsagt adminstrasjonen gjera det. Dette handlar om mange millionar kroner, og det kan vi ikkje greie utan å gå til omfattande oppseiingar. Det er i sin tur nøydd til å gå utover tenestetilbodet, sa han.

– Vi må stikke fingaren i jorda og tenkje oss om. Tenestetilbodet i Skjåk er utruleg bra, men med over 300 millionar kroner i lån, kan eg ikkje skjøne korleis vi skal greie å oppretthalde ei slik drift uansett, repliserte Odd Joar Ramstad.

Eva Therese Hyrve (Ap) slo fast at Ap ikkje ynskjer å gå til oppseiingar.

– Men vi ser at det er auka lønsutgifter i administrasjonen, og det meiner vi er feil samstundes som det ligg føre kuttforslag i til dømes kantine, leirskule og anna.

Budsjett- og økonomiplanen går nå vidare til sluttbehandling i kommunestyret. Ap fekk ikkje gjennomslag for sine endringsframlegg. I innstillinga frå formannskapet, etter framlegg frå Sp, heiter det at rådmannen skal leggje fram plan for ny barnehagestruktur i løpet av 2016. Det var båe parti samde i. Fleirtalet i formannskapet meiner det kan brukast av disposisjonsfondet slik rådmannen har lagt opp til, mot Ap sine røyster. Etter framlegg frå Sp går formannskapet for at redusert bruk av næringsfondet til drift blir innarbeidd frå 2017 og ikkje i 2018, som var rådmannen sitt framlegg.