– Besøket i fjor var svært bra, men påmeldingar så langt tyder på at vi kanskje kan ta rekord ein gong til! seier ei optimistisk Linda Trøen i Lom bygdamuseum. Saman med Ella Hoel frå Lom friviljugsentral, Åshild M. Amundsen frå Lom kommune og Ove Nestvold frå Aktiv i Lom utgjer ho arrangementskomiteen.

Så langt har det meldt seg 22 som vil ha stand. Det står mykje spennande på programmet. Live Andrea Sulheim skal ha foto- og salsutstilling og Marit Sletten skal ha julekortfotografering. I tillegg blir det underhaldning og aktivitetar som til dømes eventyrstund, nissebesøk, hesteriding, juleverkstad, lassokasting, hesteskokasting, skigåing og demonstrasjonar av ulikt slag.