NRK oppmodar nemleg alle i heile landet til å sende inn sine personlege julelenke-ringar.

– Ideen er at vi ber alle som har lyst til å sende inn ein ring og fortelje oss kvifor denne ringen vart som han vart. Er ringen laga av stoff frå ei øydelagt t-skjorte? Er det ein ring laga av eit bilde som betyr mykje for deg? Og slik skal vi knyte saman «Heile Norges julelenke», som fortel historia om Norge i 2015, fortel vagvær og programleiar i «Norgesglasset», Pål Plassen.

Fredag 4. desember vil julelenka få stor plass på «Norgesglasset» og «Norge Rundt» i ei julesending.

Veka før, frå 27. november til 4. desember, blir rett og slett ei «Julelenke-veke», der heile Norge blir oppmoda til å lage julelenker. Den veka vil dei to NRK-programma dele bilde og historier i sosiale media, på nett og radio.

Julelenke-ringane sender du til Norgesglasset, NRK, 7005 Trondheim.