Det var på Fv51 ved Grov camping i Vågå at ein personbil køyrde ut av vegen etter å ha møtt eit vogntog.

Utforkøyringa skjedde laurdag morgon.

Operasjonssentralen i Gudbrandsdal politidistrikt melder om berre materielle skader etter hendinga.

– Ingen personskader, skriv politiet på Twitter.

Det vart skrive skademelding på staden.