Vinteren er på veg. Kuldegrader gjer at Lemonsjøen Alpinsenter onsdag kunne starte produksjon av snø i skianlegget.

Fem snøkanonar går for fullt med å lage vinter i bakken. Kjetil Villa fortel at ein treng 20 døgn med produksjon av snø for å kunne opne skibakken, dersom ikkje naturen hjelper til med naturleg snø.

– Vi har opna skibakken med kunstsnø i mange år, seier Villa om at natursnøen let vente på seg. Han håpar at kuldegradene held seg stabile for at snøkanonane skal produsere snø.

Kjetil Villa vil ikkje tidfeste nokon opningsdato for når skiheisen startar.

– Vi har vanlegvis opna i midten av desember, seier han.