Heidi Lise Bakke omkom medan ho var på jobb for NRK Sogn og Fjordane tysdag.

Ho kom i klem da den store varebilen ho var passasjer i hamna utfor ein skrent og vart liggjande på sida i vegen nedanfor ein parkeringsplass i Gaular.

Bakke er opphavleg frå Vågå, men har arbeidd ei årrekkje ved NRK sitt distriktskontor i Førde. Ho etterlet seg ektemann og to vaksne søner.

Dette melder NRK Sogn og Fjordane.