Nå varslar meteorologeane snøver over store deler av Austlandet. Måndag morgon vil det byrja å snø, og nedbøren vil fortsetje som snø i store deler av Oppland utover dagen.

Meteorologisk institutt har sendt ut eit obs-varsel for Oppland: «Måndag vil fjellområda kunne få vanskelege køyreforhold på grunn av snø, snøfokk og vind. Måndag morgon og formiddag vil kunne gje lokalt vanskelige køyreforhold i sørlege områder på grunn av snø. Her vil nedbøren kunne gå over til sludd og eventuelt regn i løpet av dagen».

Den fyrste snøen fører til utfordringar for alle trafikantar. Statistikken viser at det i vinterhalvåret er flest ulykker i overgangen haust-vinter.

– Det kan verke som om vi treng tid på oss til å justere både fart og køyrevanar til vinterforhold, seier fungerande avdelingsdirektør Jan Nørstegård i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Det er Statens vegvesen som har ansvaret for vintervedlikehald av riks- og fylkesvegar. Sjølve jobben er det forskjellige entreprenørar som utfører. Hovudregelen er at dei viktigaste og mest trafikkerte vegane blir tekne fyrst.

– Sjølv om store ressursar blir sett inn vil det alltid ta noko tid før alle vegstrekningar er brøyta eller strødd. Brøytemannskapa kan ikkje vere over alt på en gang. Difor er det svært viktig å tilpasse køyringa etter føret slik det er der du ferdast. Og ikkje gløym at du kan oppleve forskjellige føreforhold sjølv på korte turar. Så ver på vakt, rådar Nørstegård.