Klones AS ved Arvid Mæland og Inger-Marie Haaland har søkt Vågå kommune om endring av bruksløyve for Klones gard i samband med at dei ynskjer å ta i bruk bygningane til asylmottak for langtidsbuande flyktningar.

Mæland og Haaland søkjer om dispensasjon i løyva til drift av asylmottok frå 1. desember til 1. august 2016 utan at flaumsikring av Klonesbekken er på plass.

Eigarane av Klones vil setje i gang prosjektering av flaumsikring i samarbeid med Asplan Viak, men ser det som vanskeleg å utføre dette arbeidet i vinter og at dette arbeidet startar 1. mai neste år eller så snart det er bart.

– Det er ingen kommuneadministrasjon som vil innstille på å gje dispensasjon frå flaumsikring. Her er det blankt nei, sa rådmann Ådne Bakke da han tysdag orienterte formannskapet om saka.

Rådmannen peika på ein formalitet som må vere i orden for å gje bruksendring. Nemleg flaumsikringa av Klonesbekken. Han sa at arbeidet med reguleringsplan for flaumsikring på Klones må fullførast.

– Om Vågå kommune skal gå inn for å gje dispensasjon, må det vere på vilkår av at flaumsikringa er på plass før vårflaumen, sa Bakke.

Rådmann Ådne Bakke vil ikkje opne for å gje dispensasjon frå flaumsikring. Foto: ARVE DANIELSEN/ARKIV